Exploration Goat – Løvstakken Minus

Posted on juli 8, 2009. Filed under: Exploration goat, Løvstakken, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B |

Med gode varsel frå våre «vener» på yr.no la Mathias, Nora Synnøve og eg i veg med Løvstakken som mål. Med unge fjellkillingar med på tur, valde me det som på kartet såg ut til å vera den kortaste vegen, altså oppgang frå Rosenlund. Løvstakken er ikkje akkurat heimbana mi, så difor vart de litt plunder å finne rett veg og sti oppover, men med tålmodige ungar og litt hjelp frå dei innfødde på denne sida av byn, fann me omsider rett sti. Me var ikkje komen særleg langt før Gullvaflene måtte fram, men det hjalp også på motivasjonen. Rett etter at me kom inn på stien, fekk me også auge på den meir eksotiske del av den bergenske fauna: Struts! I Rosenlund ligg ein strutsefarm. No var heldigvis desse eksemplara solid inngjerda og på god avstand, men slikt er jo med å krydre turen litt. Det vart også litt undring over korleis dei hadde komi seg heilt hit, sidan struts ikkje kan fly. Til sist vart me samde om at dei nok hadde tatt bussen frå Australia!

Vis Tur i et større kart

Då hadde me fått ein fin marsjfart, men det såg ut som våre «vener» i yr.no hadde svikta oss. Tordenskrella ljoma over oss. Som den evige optimist eg er, vona eg at det vart kun ei lita regnskur. Det var det ikkje. Det såg jammen meg ut som tordenskyene berre venta på at me skulle koma oss ut på tur før dei sette i gang!
Det vart regn, hagl og mykje meir regn. Då sigra omsider fornufta (altså Nora Synnøve og Mathias), og me vende snuten nedover att, utan å ha bestige Løvstakken!

Alle var gjennomvåte, men humøret var overraskande bra. Turen vart avslutta i heimen med kakao, marshmellows, og eitt slag UNO.

Reklamer

Make a Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Én kommentar to “Exploration Goat – Løvstakken Minus”

RSS Feed for Fjellgeitene Comments RSS Feed

Fjellgeitregel nr.8: Vend i tide. Det er ingen skam å snu!Det er vel gjerne de turene der det dukker opp noe uventet (som regel ruskevær..) en husker best. Særlig hvis returen krones med kakao og marshmallows :)Hadde selv et klyv opp til Løvstakken, over Griseryggen, i sekstiden i ettermiddag. Var vesentlig mer heldig med været enn dere (og med intet påskudd for kakao…).


Where's The Comment Form?

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...

%d bloggere like this: