Fettvesten

Posted on januar 27, 2010. Filed under: Kristianfj |


Det er same leksa kvart einaste år. Frå og med byrjinga i november, er det eit julebord uansett kor du snur deg. Eg trur knapt promillen var under 0.2 på noko tidspunkt gjennom heile dei to sokalla julemånadane. Og verre skal det bli.

Etter gjennomførte julebord, juleavslutningar, midtvekefyll, juletrefestar, julelunsjar og førjulskveldar i november og desember, var det på tide å sette snuten heimatt til vestlandet og sjølve julefeiringa. Frå den augneblinken ein set foten innanfor døra vert ein nærmast fora med delfiakaker, lefser, julekaker, julepølser, ribbe, rein fløyte, meir kake, steik, kalkun, blaut svor, hard svor, svidd svor og alt anna som ein kan tenke seg. Det heile kulminerer på sjølvaste julekvelden, der ein et seg i stabilt sideleie – og går inn i ein tilstand som kronisk mett og full, til kvardagen ubarmhjartig dundrer tilbake, so nyvunne valkar og slappe musklar dissar i rein frykt.

Ein har pådratt seg januarsyndromet – Fettvesten.


Denne dissinga er heilt klart eit signal på eit ein må ta skeia i ei anna hand – eller aller helst, legge den i frå seg. To månadar med hemingslaus nyting, skal av att. Det krev ekstraordinære tiltak. Korleis skal ein fyre opp motivasjonen for å dra si glade julerompe opp av sofaen – og omforme den til ei langt mindre glad, men og langt mindre og strammare strandrompe.


Ingenting er meir motiverande enn konkurranse. Når eg er på påskefjellet, så spelar me kort til eg vinn. Me spelar aldri til 100 eller 500 – men til eg ledar. Då er det greitt å gje oss med kortspelet. Når då eg då av min gode ven Marius Engeli fekk vite om denne sida, vart eg i fyr og flamme. Både moglegheit for å logge aktivitet (strålande tiltak for ein organisasjonsnerd) og konkurranse. Det å ligge øvst på ei liste over kven som har hatt flest timar i aktivitet, gjer meg ein motivasjon – som kan få det til å lyse vondskap ut av auga mine. Eg vil vinne. Og eg skal gjere alt som står i mi makt for å få det til. Spørsmålet er meir kva trening som skal gjennomførast.


No er eg ikkje eit menneske som syns treningsstudio er noko særleg. Perfekte menneske med siste skrik innan treningsklede, som gjer øvingar som mest av alt minner om gynekologi i staden for trening. Då set eg heller min lit til Oslo sine skumle bakgater, eksosfulle luft og isete fortau. Sidan truleg mange av dykk som er på denne bloggen, ikkje kjenner gatene i Oslo indre aust inn og ut – vil eg om ikkje så lenge legge ut nokre bilete, slik at eg kan nytte høve til litt god gammaldags vaksenopplæring.


Med på turane gatelangs har eg vesle Liv. Ho er om muleg, i dårlegare januarform enn eg er. Det er jo og ein ekstra motivasjon at eg kan gjere livet surt for henne med å berre gå litt for fort, dei timane turane varar. Ho er ganske blid i det me går, men ganske sur når me er framme. Eigentlig ei ganske god kjensle – om eg skal være heilt ærleg.


Kampen mot fettvesten skal vinnast – hansken er kasta!

Enn så lenge

Kristianfj

Reklamer

Make a Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

3 kommentar to “Fettvesten”

RSS Feed for Fjellgeitene Comments RSS Feed

Kjekt med et ansikt på grafen som det er umulig å konkurrere mot, men jeg gir meg ikke, bare vent til jeg får meg noen lange dager på fjellet med skiene mine;) Må bare si at jeg trives veldig godt på treningssenteret mitt (sats i Sandviken) og jeg er langt ifra perfekt med nytt treningstøy;) Monica

Dette er absolutt god innsats, med imponerende 97 minutter trening i snitt pr dag i 2010. Jeg må øke den daglige treningen med ca 23 minutter for å tangere deg. Det kan bli vrient å gå forbi deg i januar – og tittelen Månedens Fjellgeit: Januar, ser ut til å være sikret. 1. februar dukker det derimot opp en ny graf som bare gjelder aktivitet i februar. Det betyr nye muligheter for alle som vil være med i kampen om å bli neste måneds store Fjellgeit 🙂 Samtidig tar vi selvsagt vare på all historikk og en egen graf for hele 2010 – som til slutt gir det gjeveste trofeet!Jeg liker ikke å legge fra meg kortstokken jeg heller – så jeg akter å gå helt ned i kjelleren om jeg må. Lykke til i Geitekampen!

Glemte å nevne at debut-blogginnlegget ditt var knakende festlig Fjellgeitstoff -og lykke til i kampen mot Fettvesten også – jeg kjenner også dette underhuds-bio-plagget tynge noe ekstra på denne årstiden, men spiser dessverre alltid til trauet tomt.


Where's The Comment Form?

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...

%d bloggere like this: