Løping

Maratonkarusellen

Posted on januar 23, 2010. Filed under: Lars E, Løp og konkurranser, Løping, Maratonkarusellen, Ståle B |

Årets fyrste løp i Maratonkarusellen gjekk av stabelen i dag. To spente herrar stilte til start for Fjellgeitene.no . Dette var fyrste gong Fjellgeitene var representert i ein større, offisiell samanheng -her gjaldt det å vise fram geitene på høveleg vis. Me hadde begge eitt mål om kome i mål på under to timar, noko generalprøvane i sist veke indikerte var mogeleg. Friske og kjekke i beina la me i veg då startskotet gjekk klokka 1200. Me haldt friskt tempo, og det vart tidleg klart at dette ikkje var av dei vanlege langturane med plass for mykje skitprat. Fylgjeleg gjekk begge over til å høyre på musikk. Lars stilte med litt «jazz- og samba-greier» som han kalla det. Eg stilte med Beastie Boys si plate «The in sound from way out.» Begge delar sikkert flotte plater, men ikkje til løp som dette.

Me haldt fylgje til 10 km der Lars, etter eige utsagn, vart ståande «litt for lenge» ved Cola og Japp utdelinga.

Derfrå og inn sprang me kvar for oss. Pulsklokka mi gjekk tom for batteri, så det var dårleg med sekundering, noko som sikkert var like greit. Innover mot mål bar det, og dei siste kreftene vart tatt ut på oppløpssida som seg hør og bør.
Gleda var stor då speakeren las opp tida 1.52.20. Ei forbetring frå sist løp på fem minutt. Lars kom inn to minutt etterpå, på 1.54.51. Ein særdeles respektabel debut som inkluderte litt for mykje Japp og kranglete knær.
Neste løp i Maratonkarusellen er den 20.februar. Gjevt om fleire Fjellgeiter vert med då. Dei to som var med denne gongen, var samde om at det alt i alt hadde vore ein fin tur, og at dei fortente å nyte ein kald pils av pokalen om kvelden.

Flere resultat fra løpet på kondis.no

Reklamer
Les hele innlegget | Make a Comment ( 4 so far )

Fjellgeiter løper 1/2-maraton

Posted on januar 10, 2010. Filed under: Løping |

Fjellgeitene, så langt representert ved Ståle B. og undertegnede, skal delta på halv-maraton i Fana, 23. januar kl 12.00. Vi satser på å ha en eller to treninger i forkant med tilsvarende distanse for å tune inn formen 

Gi oss en lyd om du har lyst å være med på løpet og oppkjøringen – dette gir bra uttelling på loggen 🙂

Mer informasjon finner du på arrangørens nettsider
Les hele innlegget | Make a Comment ( 1 so far )

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...