Løvstakken

Ferien er over, og blodslitet kan igjen begynne.

Posted on august 11, 2009. Filed under: Kenneth A, Løvstakken, Marius E |

Etter en god biltur fra østlandet hadde østlendingen mest lyst til å gå å legge seg tidlig. Det var helt til postmann Yngst kom innom med 5 uker verdt av post og begynnte å mase om Stoltze tur. Aamodt klarte heldigvis å overtale Yngsten om å heller gå den noe mindre bratte turen opp til løvstakken «jesus lever» veien. Aamodt som hadde fortært 41 kroner (160 gram) verdt av fleskepølse rett før turen gikk rimelig fort på en smell der han til tider kjente pølsen kose med adamseplet. Etter dette ble det liten fart og mer prat, helt til siste parti hvor Yngst var litt lei av det lave tempoet og tok en god spurt. Tiden var ikke noe å skryte av, 6 minutter bak bestenotering. Det blir nye muligheter i kveld, der kanskje Yngsten også blir svett!

Reklamer
Les hele innlegget | Make a Comment ( 2 so far )

Exploration Goat – Løvstakken: På toppen!

Posted on juli 12, 2009. Filed under: Exploration goat, Løvstakken, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B |

På andre forsøk lukkast det oss å koma oss til toppen, sjølv om det såg stykt ut ei lita stund. Som de ser av trase «valget» vårt, tok me ein liten omveg omlag halvvegs, og hadde stø kurs mot ingenmannsland. Då me endeleg snudde fann me stien att, og fylgde då denne til topps.
Trasevalget kan sjåast her

Les hele innlegget | Make a Comment ( 1 so far )

Exploration Goat – Løvstakken Minus

Posted on juli 8, 2009. Filed under: Exploration goat, Løvstakken, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B |

Med gode varsel frå våre «vener» på yr.no la Mathias, Nora Synnøve og eg i veg med Løvstakken som mål. Med unge fjellkillingar med på tur, valde me det som på kartet såg ut til å vera den kortaste vegen, altså oppgang frå Rosenlund. Løvstakken er ikkje akkurat heimbana mi, så difor vart de litt plunder å finne rett veg og sti oppover, men med tålmodige ungar og litt hjelp frå dei innfødde på denne sida av byn, fann me omsider rett sti. Me var ikkje komen særleg langt før Gullvaflene måtte fram, men det hjalp også på motivasjonen. Rett etter at me kom inn på stien, fekk me også auge på den meir eksotiske del av den bergenske fauna: Struts! I Rosenlund ligg ein strutsefarm. No var heldigvis desse eksemplara solid inngjerda og på god avstand, men slikt er jo med å krydre turen litt. Det vart også litt undring over korleis dei hadde komi seg heilt hit, sidan struts ikkje kan fly. Til sist vart me samde om at dei nok hadde tatt bussen frå Australia!

Vis Tur i et større kart

Då hadde me fått ein fin marsjfart, men det såg ut som våre «vener» i yr.no hadde svikta oss. Tordenskrella ljoma over oss. Som den evige optimist eg er, vona eg at det vart kun ei lita regnskur. Det var det ikkje. Det såg jammen meg ut som tordenskyene berre venta på at me skulle koma oss ut på tur før dei sette i gang!
Det vart regn, hagl og mykje meir regn. Då sigra omsider fornufta (altså Nora Synnøve og Mathias), og me vende snuten nedover att, utan å ha bestige Løvstakken!

Alle var gjennomvåte, men humøret var overraskande bra. Turen vart avslutta i heimen med kakao, marshmellows, og eitt slag UNO.

Les hele innlegget | Make a Comment ( 1 so far )

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...