Nora Synnøve B

Golden Goat – Lagtempo i Stoltzen

Posted on august 20, 2009. Filed under: Bastian E, Lars E, Linda K, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B, Stoltzen, Teodor E, Tobias E |

Nok en fin tur i Stoltzen, med store deler av fam. Engeli og fam. Bjørgo på startstreken. God aldersspredning i deltakermassen gjorde at lagtempo-modellen ble foretrukket i dag. Tobias, Mathias og Lars fikk den raskeste starten og peste på oppover og kom først i mål, på solide 18,55. Nora og Ståle er neste pulje i mål, på ca 34 minutter og tre minutter senere kommer Linda og Bastian i mål. Nora og Bastian gikk alle stegene til topps for egen maskin.

Borte ved Storevatnet viste Linda nok en gang at hun er vel så mye badeløve som fjellgeit, da hun la seg på svøm i bølgene. Hun var den eneste som kom seg i bad i dag, med unntak av Tobias som dyppet seg til navel-høyde, noen korte sekund. Etter noen runder med kjeks og franske vafler, gikk turen i kjent stil videre ned Skredderdalen og deretter til nærmeste kjøpmann for innkjøp av is.

Reklamer
Les hele innlegget | Make a Comment ( None so far )

Exploration Goat – Selhamar og Geilo

Posted on august 7, 2009. Filed under: Geilo, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B, Stølsheimen |

Etter retur frå Frankrike med solskinn og bading, reiste ungane og eg til fjells.
På vegen over Vikafjellet svingde også me oss inn på anlegsvegen innover i Stølsheimen. Frå bilen var det om lag tre km. gange inn til Selhamarhytta. Turveret i fjellheimen var det same som det har vore resten av sumaren i denne delen av landet. Vått og grått, men med gode klede gjer ikkje det noko. I utgangspunktet var planen å overnatte ei natt på turisthytta og så nokre netter i telt. Grunna været, samt at dette var den fyrste «ordentlege» fjellturen til kidza (samt at eg sjølv følte eitt visst behov for komfort, altså delvis tørre klede), vart me verande på Selhamar i tre dagar. Dagane gjekk med til leik og moro, litt fisking o.l. i nærleiken av hytta. I tillegg var det ivrig UNO-speling både tidleg og seint. Dessutan var det fleire born der, og det var jo gjevt for ungane få nokon å leike med. Etter nokre dagar i Stølsheimen var det retur til Voss for klesvask osv. Deretter gjekk turen til Geilo for besøkt til foreldra mine si hytte. Veret var det same, men det var rikeleg anledning til å leike i slengdissa i skogen, bygge demning og sende pinnar i bekkane, i tillegg til intens UNO – speling også her. Dei store ekspedisjonane innover Hardangervidda vart det ikkje, men ein liten fisketur heilt åleine greidde eg å snike meg til. Tru det eller ei – det vart fisk! Finfin middagsfisk for ein person (altså meg). Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur 🙂

Les hele innlegget | Make a Comment ( 3 so far )

Exploration Goat – Løvstakken: På toppen!

Posted on juli 12, 2009. Filed under: Exploration goat, Løvstakken, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B |

På andre forsøk lukkast det oss å koma oss til toppen, sjølv om det såg stykt ut ei lita stund. Som de ser av trase «valget» vårt, tok me ein liten omveg omlag halvvegs, og hadde stø kurs mot ingenmannsland. Då me endeleg snudde fann me stien att, og fylgde då denne til topps.
Trasevalget kan sjåast her

Les hele innlegget | Make a Comment ( 1 so far )

Exploration Goat – Løvstakken Minus

Posted on juli 8, 2009. Filed under: Exploration goat, Løvstakken, Mathias B, Nora Synnøve B, Ståle B |

Med gode varsel frå våre «vener» på yr.no la Mathias, Nora Synnøve og eg i veg med Løvstakken som mål. Med unge fjellkillingar med på tur, valde me det som på kartet såg ut til å vera den kortaste vegen, altså oppgang frå Rosenlund. Løvstakken er ikkje akkurat heimbana mi, så difor vart de litt plunder å finne rett veg og sti oppover, men med tålmodige ungar og litt hjelp frå dei innfødde på denne sida av byn, fann me omsider rett sti. Me var ikkje komen særleg langt før Gullvaflene måtte fram, men det hjalp også på motivasjonen. Rett etter at me kom inn på stien, fekk me også auge på den meir eksotiske del av den bergenske fauna: Struts! I Rosenlund ligg ein strutsefarm. No var heldigvis desse eksemplara solid inngjerda og på god avstand, men slikt er jo med å krydre turen litt. Det vart også litt undring over korleis dei hadde komi seg heilt hit, sidan struts ikkje kan fly. Til sist vart me samde om at dei nok hadde tatt bussen frå Australia!

Vis Tur i et større kart

Då hadde me fått ein fin marsjfart, men det såg ut som våre «vener» i yr.no hadde svikta oss. Tordenskrella ljoma over oss. Som den evige optimist eg er, vona eg at det vart kun ei lita regnskur. Det var det ikkje. Det såg jammen meg ut som tordenskyene berre venta på at me skulle koma oss ut på tur før dei sette i gang!
Det vart regn, hagl og mykje meir regn. Då sigra omsider fornufta (altså Nora Synnøve og Mathias), og me vende snuten nedover att, utan å ha bestige Løvstakken!

Alle var gjennomvåte, men humøret var overraskande bra. Turen vart avslutta i heimen med kakao, marshmellows, og eitt slag UNO.

Les hele innlegget | Make a Comment ( 1 so far )

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...