Sandviksfjellet

Exploration goat – Sandviksfjellet

Posted on juli 2, 2009. Filed under: Exploration goat, Sandviksfjellet, Ståle B |

Etter å ha vore nokre gonger opp Stoltzen etterkvart, må eg seie meg einig med Marius i at variasjon i løypevalg nok kan vera av det gode. Difor har eg gitt meg ut på utvida nærområdet mitt litt.

Sist tysdag, og i dag gjekk difor turen over Sandviksfjellet. Tysdag gjekk med kortbukser, og utan kamera. Resultat: kløe på leggane etter 4 mrd. knott som også skulle over Sandviksfjellet, og ingen bilete. Lærekurva peikar heldigvis oppover, og i dag var antrekket bytta ut til lange bukser og kameraet var med (les: mobiltelefonen). Resultat: Ingen knottekløe og mange fine bilete.

Turen byrja med veeeeeeldig roleg jogging ut i Sandviken og opp Munkebotten. Deretter fortsette eg opp i lia ved enden av Munkebotn-vatnet (eller tjernet – usikker på navnet). Det er ein flott sti, og opp den verste kneika er det laga trapper her også (nett som i Stoltzen ). Når Ravneberget er passert er i grunn den verste stigninga unnagjort, sjølv om det er eit stykke att til toppen. Vidare går det i bedageleg gange opp forbi Sandvikshytten, via Dræggehytten, og så over Kvitebjørn (trur eg det heiter) mot Rundemannen. På vegen passeres speiderhytta «Kåken.» Speidarane har teke skiltinga på fjellet alvorleg, og har blant anna indikert retning og distanse til Paxtu. Eg nøyde meg i denne omgang med å setja kursen mot Rundemannen. Heile vegen hadde eg ei feiandes flott utsikt. Det er ikkje utan grunn at flesteparten av bileta har eitt visst nasjonalromantisk preg 🙂 Derifrå gjekk det i lett jogg heimattatt via Tippetue.

Tidsbruk: 2,5 timar eller deromkring. Det tok si tid å ta alle desse bileta, dessutan må ein ta seg tid til å nyte utsikta.

Reklamer
Les hele innlegget | Make a Comment ( 2 so far )

Liked it here?
Why not try sites on the blogroll...